Verdiar og haldningar

Vi lagar konsertar for eit publikum som er både kvalitetsbevisst og over gjennomsnittleg samfunnsengasjerte. Det gjev oss både moglegheiter og utfordringar, men vi har særs gode grunnar til å vera opptekne av tema som er større enn oss sjølve – og setje oss sjølve inn i ein global kontekst.

Visjonar, mål og verdiar. Du har sikkert høyrt det før. Det dukkar opp kvar gong nokon skal prøve å plassere eit foretak på kredibilitetskartet. Kvar av dei tre kan fyllast med meir eller mindre meiningsfylte begrep, og til slutt danne ein slags fasit. Men om det faktisk skal ha noko føre seg må det vera solid forankra i organisasjonen vår. Det må vera ting vi brenn for, ting vi tek på blodig alvor. Det handlar til sjuande og sist om kven vi er, og kva som er intensjonen med det vi held på med. Kvifor ynskjer vi som arrangør å fronte menneskerettar? Eller vera klimanøytrale? Eller utvikle nye talent?

Om vi kjenner oss trygge på kven vi er – og kvifor vi held på med det vi gjer – er det også mykje lettare å plassere seg sjølv på kartet. Då kan vi kaste eit blikk på publikummet vårt og samarbeidspartnarane våre. Korleis kan vi legge til rette for å dra dei med i same retning? Her har vi som arrangørar som oftast ei stor styrke. Vi er i stor grad «lokale idol», og dermed premissgjevarar for publikums oppfatningar. I tillegg har vi ofte eit omdømme dei fleste samarbeidande bedrifter berre kan drøyme om.

Det å ha klare verdiar og haldningar botnar ut i to ting: Det handlar om å utvikle vår eigen samfunnsansvarlege opptreden, men det er også vår moglegheit til å fullbyrde idealistiske prosjekt, og setje tema på agendaen som fortener større respekt frå samfunnet kring oss.

Dei fleste arrangørar har sett ein eller fleire verdiar på agendaen gjennom ulike satsingar, men nokon har også teke det eit hakk vidare. Studentsamfunnet Hulen i Bergen har lenge jobba med prosjekta «Hulen mot vald» og «Hulen mot rasisme». I tillegg har vi mange gode døme på reindyrka rusfrie ungdomsarrangement, som metallfestivalen Motstøy på Notodden, Granittrock i Groruddalen og legendariske Rock Mot Rus på Andøya.

Men det er viktig å hugse på at eit fellestrekk for alle som har styrka sin eigen identitet med klare verdiar og haldningar er at det har vore ektefølt. Det har kome frå «hjarterota» i organisasjonane. Verdiar og haldningar kan ikkje brukast som pr-triks for å selje fleire billettar. Då blir vi gjennomskua med ei gong, og fallhøgda kan vera stor.