Program & sideaktivitetar

Programmet er som oftast essensen i alle arrangement, uansett kva for ein arena vi har. Programmet er ein viktig faktor for å definere kven vi er, og kven vi ynskjer å vende oss til. For mange er også ein bestemt sjanger den aller viktigaste profilbæraren.

Det å kunne «programmere» godt er ein kunst i seg sjølv. Men løna er stor for dei som lukkast med det. Å finne dei rette artistane til den rette tida, og ikkje minst den rette prisen, er ei evig utfordring for alle som driv med booking. Men lukkast vi med dette over tid klarar vi å bygge tillit hjå publikummet vårt, slik at dei gjerne dukkar opp like mykje som følgje av vårt gode namn og rykte – fordi dei veit at det alltid vil bli bra uansett kven som hamnar på plakaten.

Dei fleste sjangrar har sine eigne «koder», som blir forsterka når dei fleste i publikum er orientert i forhold til dei. Om vi bookar artistar innanfor ein bestemt sjanger, eller artistar som trekkjer til seg spesielle publikumsgrupper, må vi ha i bakhovudet at alle som kjem også er med på å definere arrangementets identitet. Om vi ikkje ynskjer ein rein folkefest bør vi kanskje droppe DDE. Og om vi har ein reindyrka metall- eller elektronikafestival bør vi vera trufaste til sjangeren for å bygge lojalitet hjå kjernemålgruppa vår.

Samstundes er det også ein risiko for at vi blir for lite innovative, og tek for få sjanser. «Never change a winning team» er det noko som heiter, men kva tener vi eigentleg på å setje dei same namna på plakaten år etter år? Å sprengje dei musikalske grensene kan vera naudsynt, men det vil oppfattast ulikt ut frå individuelle oppfatningar om dei enkelte artistane. Når Ole Ivars vart booka til Storåsfestivalen i 2007 var det mange som rynka på nasen. Det var nesten som å bryte eit etablert nasjonalt «tabu». Men publikum kosa seg, både dei som såg det ironisk, og dei som digga det i utgangspunktet. Sjølv om dette er eit døme av dei meir ekstreme så veit vi frå veldig mange arrangement at publikum ofte snakkar om heilt andre artistar når dei dreg heim enn dei som sto øvst på plakaten. Det er ofte dei store opplevingane du ikkje forventa å få som bit seg best fast.

Sjølv om vi held fast ved ein trygg og god profil har det aldri skada nokon med litt krydder attpå, så lenge vi er bevisste på at det ikkje går på akkord med stampublikummets lojalitetsgrunnlag. Ein ting er i allefall sikkert: Kvalitet går aldri av moten, og ei gong i blant kan det vera frigjerande med noko som er heilt annleis enn det vi normalt trakter etter.