Stad & lokal forankring

Den beste kjelda til ikkje-kopierbare identitetselement finn vi ofte i nabolaget vårt. Kvar ein krik og krok av vårt langstrakte land er fylt med lokale godbitar, som kan krydre eit kvart arrangement.

Når dei fleste av oss reiser til ein ny stad vil vi gjerne utforske dei lokale godbitane og raritetane. Det er ikkje sikkert alle vil smake på smalahovet eller rakfisken, men vi vil i allefall sjå det for å kunne fortelje historia til andre. Slike element set for alvor fart på jungeltelegrafen, som i gode stunder kan vera vår aller beste venn for å tiltrekkje oss nye publikummarar.

Erfaringane syner at arrangørar som har satsa hardt på å reindyrke det lokale særpreget trekkjer til seg besøkande langvegsfrå. Samstundes veit vi at majoriteten av oss har storparten av vårt publikum frå lokalmiljøet, noko som også set sine krav til truverde. Ingen kjenner dei lokale karakteristikkane betre enn dei lokale, og fallhøgda kan vera stor om vi bommar med ammunisjonen vår. Men treff vi rett kan dei lokale raritetane også vekkje begeistring og stoltheit lokalt.

Kort oppsummert: Lokalkunnskap kan vera kjelda til den geniale identiteten. Og den kan koma til syne på mange måtar. Både i innhald, eigenomtale, artistval, design, dekor, mat, drikke også bortetter. Buktafestivalen i Tromsø sette opp store dekorative fiskehjeller på festivalområdet sitt, og fekk stor spalteplass når rockelegenda Patti Smith velvillig gomla kvalkjøt bak scena. RaumaRock drog med seg Gothminister til Romsdalshorn, 1550 høgdemeter frå festivalområdet, og sende konserten ned til havnivå via storskjerm. Media hang seg sjølvsagt på, men dette skapte også ei genuin oppleving for dei som tok klatreturen opp.

For å lukkast med å knytte arrangementet opp til dei lokale verdiane må vi interessere oss for – og setje oss inn i historia til – lokalsamfunnet vårt. Vi må koma heilt til kjerna for å få ei god nok forankring. Prate med bestefar, lese lokalhistorie, sjå på gamle bilete og la oss inspirere. Vi kan til dømes ta utgangspunkt i følgjande:

  • Lokal historie
  • Lokalt lynne
  • Naturlege føresetnader som fjell og fjordar
  • Infrastruktur som bygg og gater
  • Lokal næringsprofil
  • Lokale kulturaktørar
  • Lokale kjendisar og originalar
  • Lokale råvarer (mat og drikke)
  • Lokale dialekter og rare ord

Tipset er kort og greit å bruke lokale kjenneteikn og element for det dei er verdt. For ein utanforståande kan det bli nytt og eksotisk, og for dei lokale noko å vera stolte av. Vinn-vinn!