Kva er identitet?

Identitet kan vera eit vanskeleg begrep å definere. Men i følgje den tradisjonsrike bokmålsordboka kan identitet forklarast slik: «Summen av element som gjev eit individ eller eit samfunn individualitet».

Ein tung setning, men like fullt ei god forklaring. For i arrangørkvardagen vår blir identiteten bygd ut frå alt det vi foretek oss – i alle ledd av arrangementet. Kort oppsummert handlar det om kven vi er og kva vi står for. Identiteten er med oss heile tida, og kjem til uttrykk på mange måtar.

Samstundes er det viktig å ha i bakhovudet at det ikkje er nokon automatikk i at omverda oppfattar oss slik vi aller helst ynskjer å framstå. Å forankre ein identitet i omverda kring oss er ein prosess som tek lang tid, og spesielt krevjande vil det kunne vera for ein etablert arrangør som ynskjer å gjere ei stor endring på identiteten sin. Når omverda har eit bilete av korleis ting er tek det tid å få endra på det, men med målretta arbeid og solid forankring er alt mogleg.

Undersøkingar blant medlemmane i Norsk Rockforbund syner at mange peiker på bookinga og dei sosiale møtestadene når vi skal omtale vår eigen identitet. Men det er langt meir som speler inn i det totale biletet. I denne boka har vi valt å fokuse på fire samlande begrep som beskriv ulike retningar innanfor identiteten:

  • Stad og lokal forankring
  • Program og sideaktivitetar
  • Arenaen vår
  • Verdiar og haldningar

Kvart av desse begrepa har fått sitt eige kapittel i boka. Men det er viktig å påpeike at vi som arrangør ikkje treng halde oss innanfor ein av desse «båsane». Dei aller fleste av oss har med element frå alle kategoriane, men med ulik vekting og prioritering. Hugs at det er summen av det heile som dannar den herlege heilskapen.