Jobb med identiteten

Det å jobbe med identiteten er ein evig prosess. Sjølv etter at grunnmuren er komen på plass trengs det stadig vedlikehald og påfyll, men har vi eit solid fundament blir jobben langt enklare med tida.

Kvifor jobbe med identiteten?

Ingen kan legge skjul på at arrangørkvardagen vår er full av oppturar og nedturar. Dei fleste av oss driv med små marginar, og er avhengige av ein god porsjon teft ispedd litt flaks (og ei god vêrmelding for nokon av oss). Erfaringane tilseier derimot at arrangørar som har jobba bevisst med å skape ein solid identitet – og på den måten fått eit veldig lojalt publikum – er betydeleg mindre sårbare for konjunkturar og rein uflaks.

Om vi har kome til det punktet har vi greid å bygge opp eit gjensidig tillitsforhold med aktørane og marknaden kring oss (artistar, samarbeidspartnarar og ikkje minst publikum). Våre kjære gjester og leverandørar har med tida fått tillit til at det vi leverer som oftast blir veldig bra, og at rammene vi har kring arrangementa våre er noko dei kjenner seg heime i. Med ein slik grunnmur på plass er det viktig at vi byggjer vidare med omhu. Om vi som arrangør på dette punktet foretek oss noko som bryt med alle forventingar kan det slå båe vegar. Gjer vi endringar som øydelegg lojalitetsforholdet har vi ei stor utfordring. Men gjer vi ingenting så er risikoen like stor for at interessa for oss som arrangør falmar sakte men sikkert.

Så kva går det ut på?

Kort oppsummert handlar det eigentleg berre om to ting: Å ta seg tid til å stoppe opp litt og spørje oss sjølve kva vi driv med, og ikkje minst å halde døra open for gode innspel og idear som dukkar opp underevegs i den vante kvardagen. Med andre ord botnar det ut i ei herleg blanding av å vera (sjølv)kritisk og kreativ. Og akkurat dette er muligens enno viktigare å minne seg sjøl på når det går bra enn når det går dårleg, for i dårlige tider har vi stort sett hovudfokus på forbetring uansett. Men det finst mange døme på arrangørar som har surfa glade og fornøgde på toppen av bølgja og enda opp med trynet i grusen, fordi dei til slutt gløymde kva som eigentleg var motivasjonen bak det heile.

Når identiteten står på agendaen er det også viktig å hugse på at vi snakkar om så mykje meir enn fontar, fargeval og band. Vi snakkar om sjølve arrangørsjela vår. Det kan fort bety at ein prosess som omhandlar styrking av identiteten også kan fordre andre organisatoriske endringar for at vi skal nå måla vi set oss. Det viktigaste bodskapet er difor at vi ikkje må legg lokk på noko i ein slik prosess. Ein sterk identitet fordrar i fyrste rekke ærlegheit og klare meiningar, også må vi i fellesskap koke det ned til eit realistisk og truverdig resultat til slutt.