Arenaen vår

Ein velutforma arena kan utgjera forskjellen mellom ein storarta og ein mislukka konsert. Og om arenaen vår i tillegg kan by på fasilitetar og særpreg utanom det vanlege har vi skapt unike rammer for gode konsertopplevingar.

Sjølv om festivalar og klubbar har delvis ulike føresetnader, så er prinsippet felles: Ein god og velfungerande arena gjer livet betre både for arrangørar og publikum, uansett om det er utandørs eller under tak. Men festivalane har eit lite fortrinn ved å kunne ta i bruk dei naturgjevne føresetnadane, som det finst mange spesielle av i Noreg. Knausar, fjordar, sletter og fjell har gjeve oss rammene for mange festivalarenaer som ingen kan matche oss på.

Men i tillegg til det evolusjonen har gjeve oss handlar det også veldig mykje om kva vi tilfører sjølv. Fyrste bud bør vera å lage ein funksjonell arena, kor publikumsflyten og logistikken går så knirkefritt som mogleg. Greier vi det har vi allereie eit godt bidrag til å auke trivselen. Om vi i neste rekke klarer å fylle arenaen vår med særpreg har vi laga oss rammer som publikum kjem til å hugse oss for.

Her har klubbane på mange måtar eit fortrinn ved å vera heilårsarrangørar. Då kan vi justere og tilpasse arenaen vår frå arrangement til arrangement – gjennom heile året. På ein festival må dette byggjast opp og fungere i løpet av særs kort tid, og når vi fyrst er i gang har vi gjerne avgrensa moglegheit til å tilpasse ting undervegs. Går ting skeis på festivalen må vi som regel vente eit år før vi får ei ny sjanse til å imponere publikum.

For å oppsummere dette kan vi gjerne dele jobben med arneautforminga i to begrep: Arenaarkitektur og arenadesign. Arkitekturen handlar i stor grad om dei fysiske føresetnadane, og å gjere ting så funksjonelt som mogleg. Her snakkar vi til dømes om tribunar for auka innsyn, inngangsområdet, rekreasjonsområder, plassering av mat- og drikkeutsal, tilkomst til scena, akustiske tilpassingar osv. Det meste innanfor dette feltet omhandlar korleis vi skal leggje tilhøva best mogleg til rette for ei kø- og problemfri arrangementsgjennomføring, med størst mogleg trivselsfaktor for alle involverte.

Når vi snakkar om arenadesign tenkjer vi på dei estetiske detaljane. Alt frå dekorasjonar til utsmykking ligg innunder dette. Arenadesignet er sterkt knytta opp mot arkitekturen, og kan ofte omhandle å forsterke element i arenaarkitekturen. I stor grad handlar det også om å skape ein estetisk heilskap på arenaen. I arrangement kor mange aktørar er involvert er det fort gjort at det blir mykje fugl og fisk, og då er det viktig at vi har nokon som kan syte for at den raude tråden blir vareteken. Her snakkar vi om alt frå telt og bodar til fargeval og skilting. Om dette har ein heilskapleg profil framstår arenaen vår som meir gjennomført med ei gong.