Kunsten å vera seg sjølv

Velkomen til den forenkla nettversjonen av Norsk Rockforbunds Identitetshandbok. Boka er gratis for medlemmar i forbundet, og kostar kr 150,- for andre. Besøk Norsk Rockforbund sine heimesider for meir informasjon og bestilling. God lesnad!

For oss som held på med konsertar blir det stadig viktigare å vera tydelege i det vi gjer. Ein sterk identitet er det som skil oss frå den stadig aukande mengda av ulike arrangørar. Men samstundes må vi og vera både truverdige og fornuftige. Det har vorte ein stor jobb berre å vera seg sjølv.

Denne boka er laga for alle som held på med konsertar. Temaet er like aktuelt uansett om du har ein klubb eller ein festival som arena. Identiteten, og utfordringane knytta til den, er noko som gjeld oss alle om vi likar det eller ei.

Så kvifor er denne identiteten så viktig?

  • Ein tydeleg identitet skapar trufaste tilhengjarar, som igjen kan bidra til å skape ein viss tryggleik i ei bransje som er sårbar for både vêr, vind og konjunkturar i marknaden kring oss.
  • Kampen om merksemda hjå media og publikum blir stadig sterkare. Ved å dyrke vår eigenart står vi sterkare i vinden.
  • Når platesalet minkar må artistanes inntekter hentast andre stader. Konsertane har vorte blant dei viktigaste inntektskjeldene, og dess fleire som hiv seg med i kampen, dess høgare blir prisane. Men alle verken kan eller vil delta i denne krigen, og då kan ein i staden velje å rette fokus mot arrangementet som ei totaloppleving framfor dei einskilde konsertane.
  • Gode samarbeid blir i større grad inngått ut frå eit felles verdigrunnlag mellom arrangør og samarbeidspartnar. Då er fyrste bod at vi sjølve må kunna vera tydelege på kva vi står for, og kven vi er til for.
  • Sist, men ikkje minst, er identiteten fellesnemnaren for den kreative utviklinga av gode arrangement. Det er få suksessformlar som kan vara evig, og interessa frå publikum kring oss fordrar at vi skapar nytt innhald som stadig pirrar dei vi lagar gode arrangement for.I nesten alle tilfelle er heldigvis identiteten eit artig og inspirerande tema å jobbe med, og ikkje minst kan det bidra til å danne ein solid grunnmur for ein samla organisasjon – dersom alle får ta del i prosessen. Då står vi styrka for framtida!

I denne boka tek vi for oss ulike identitetsbegrep, og litt om effekten vi kan oppnå ved å tenkje på ulike vis. I tillegg ser vi på korleis vi kan jobbe med å vidareutvikle identiteten vår – både internt i eigen organisasjon, men også i samarbeid med samfunnet kring oss. Og sist, men ikkje minst, har vi late oss inspirere av mange fabelaktige historier frå arrangør-Noreg, både gjennom bilete og tekst.

Bruk denne boka slik du sjølv måtte ynskje. Vi vonar den kan inspirere til å skape mange nye magiske augneblink. Men hugs: Det finst heldigvis ingen felles fasit.

Lukke til!